Tilbake
Erlend Viken Trio

Erlend Viken Trio

Fele, caps og kebab
Sommarfugljakt i djupaste jungelen og desperat leiting etter gjenglemte instrument på kebabsjappar. Erlend Viken Trio gir ei nesten unplugged oppleving på fele, gitar, banjo, cello og sag.

Erlend Viken starta med fele allereie som 6-åring, men blandar gjerne inn tonespråk frå all mogleg anna musikk han har spelt og hørt på. – Eg følgjer ikkje regler når eg lagar musikk, seier han. Denne gongen speler Erlend med ein gitarist og ein cellist - og sjølv om det ikkje er heilt standard og A4 å blande el-gitar, cello og hardingfele, låter det ikkje så verst når Erlend Viken, Marius Graff og Leo Svensson Sander speler i lag: Ein stor dæsj folkemusikk, ei klype klassisk, bittelitt rock og ei aning blues.

Lærerveiledning

Bruk konserten i norsk-undervisninga

Kompetansemål i norsk 5. - 7. trinn:
”skrive forteljande, skildrande, reflekterande og argumenterande tekstar etter mønster frå eksempeltekstar og andre kjelder, og tilpasse eigne tekstar til formål og mottakar”

Tips:
- La elevane skrive ei musikkmelding
Nytt nettsidene til P3 Lydverket eller kultursidene til avisene for å sjå ulike vis å melde musikk på.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Produsent: Spørsmål om kunstnerisk innhold?
    Kontakt Ragnhild Vreim Tveitan tlf: 32 80 85 27 / 94 48 37 41
    Spørsmål om tidspunkt/gjennomføring?Kontakt Thomas Andre Frisø, tlf: 32 80 86 86

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer